Organiseringa av DigiVestland har heile tida lege tett opptil organiseringa av det nasjonale digitaliseringssamarbeidet. Gjennom KS har kommunane etablert samstyringsstrukturen, som har eigne grupper for tenesteområda, og fagråd for grunnleggjande kompetanse alle tenesteområda nyttar. 

Organisasjonskart samstyringsstrukturen til KS

KS sine fagråd for og personvern og informasjonstryggleik, og verksemdsarkitektur, blir spegla i DigiVestland gjennom møteplassar for personvern og informasjonstryggleik. Ved overgangen til nytt år er det usikkert korleis arbeidet med verksemdsarkitektur skal organiserast vidare. 

I samstyringsstrukturen har tenesteområda eigne fag- og prioriteringsutval for e-helse, oppvekst, teknisk, og sosial og velferd. 

I DigiVestland-samarbeidet er det godt etablerte møteplassar for tenesteområda e-helse, oppvekst, og plan, bygg og geodata. Desse fortsett vidare, men blir litt justert i formen. 

To eller fleire kommunar kan velje å gå saman om å delta i møteplassar med éin felles representant. Dette gjeld ikkje for møteplassar der representantane er særleg oppnemnd, eller i kommunedirektørmøtet.

 

Kommunedirektørmøte

Det har vore eit ønskje frå kommunane å finne ein arena der alle kommunedirektørane får delta i utviklinga av samarbeidet. Fra 2025 blir det derfor etablert ein fast møteplass for kommunedirektørane i DigiVestland. Styringsgruppa ønskjer at samlingane blir lagt til tid og stad der kommunedirektørane likevel skal møtast, til dømes i regi av KS. Første møte vil bli tidleg i andre kvartal 2025, dato blir publisert seinare.  

Kommunedirektørmøtet fungerer som årsmøte for samarbeidet, og kan fatte vedtak om endring i deltakarbetalinga. Det er kommunedirektørmøtet som oppnemner styringsgruppa, og sett den strategiske retninga for samarbeidet. 

Styringsgruppe

DigiVestland har heile tida hatt ei styringsgruppe. Den noverande gruppa forsett sitt arbeid fram til nye avtaler er signert, og ny gruppe blir oppnemnd. 

Styringsgruppa skal førebu saker til kommunedirektørmøtet, og følgje opp strategiske avgjersler. Det er styringsgruppa som vedtek budsjett og prosjektportefølje, og mandat for dei ulike styringsorgana. 

Digitaliseringsutval

Samstyringsstrukturen har Digitaliseringsutvalet (DU), og det blir å finne igjen i DigiVestland også. 

Digitaliseringsutvalet i DigiVestland vil ha hovudansvar for å samkøyra digitaliseringsprosjekt som skal gjennomførast i regionen. Deltakarane skal også bidra til at regionen sine behov blir vurdert og lagt fram for styringsgruppen. 

Oppgåvene til digitaliseringsutvalet er beskrevet på KS sine sider, og vil overførast direkte til arbeidet i DigiVestland. 

Møteplassar elles

Sjå eigen artikkel for meir om teneste- og fagområda