«Eg kjende vi jobba i steinalderen» seier Stine Edvardsen frå Kinn kommune. Arbeidde med tildeling og administrering av kommunale bustader har vore prega av mykje manuelt arbeid som har kravd mykje tid og ressursbruk.  

Stine kom over Kobo då ho ein dag var inne og kika på nettsidene til Husbanken og ho vart raskt nysgjerrig på løysinga. Kinn melde seg på Husbanken sitt innføringsløp, og har ikkje angra sidan. «Kobo har ført til at arbeidet med å administrera og tildela kommunale bustader, er mindre personavhengig» (Stine Edvardsen, Kinn kommune). Systemet har funksjonar som gjer at administratorar enkelt kan få oversikt over sakene, og samtidig ta over saker frå andre administratorar dersom vedkomande til dømes er sjuk eller bortreist.  

«Det å gå frå å jobba i fleire Excel ark til å jobba i eit oversiktleg system, der journalføring fungerer som ein integrert del, har forenkla saksbehandlingsprosessen stort. Dette har spart oss for mykje tid» kommenterer Linn Kristine Gjertsen Kvellestad frå Kinn kommune.  

Osterøy kommune har opplevd liknande gevinstar. «Då Kobo kom kunne vi visualisera korleis bustadene ser ut. Det er heilt klart mykje enklare å halda Kobo oppdatert samanlikna med rekneark. Det blir mindre feilmargin og ein har mykje betre kontroll på det ein held på med» (Per Kristian Skår, Osterøy kommune). 

Om kobo

Kobo er ein digital teneste for bustadsosialt arbeid, levert av Husbanken. Kobo vil letta prosessen med å søkja, tildela og administrera kommunale utleigebustader, og dessutan følgja opp bebuarar og skaffa datagrunnlag.

Kommunane er samde i at Kobo er eit oversiktleg og enkelt system å jobba i. Det er veldig brukarvenleg, og krev ikkje store mengder opplæring. I tillegg kan det vera økonomiske gevinstar ved å ta i bruk Kobo, viss ein erstattar eit kostbart system.

«Kobo er gratis, samanlikna med systemet kommunen brukte før som kosta oss rundt 100.000 kroner i året.» seier Geir Rødland frå Alver kommune. Dei har brukt Kobo i over eit år og er fornød med brukarvenlegheita til tenesta. «Det er veldig lett. Du får inn meir komplette søknader enn før. Søknadene har opplysingar som før har vore vanskeleg å få tak i. I tillegg får du betre oversikt over bustadene og kva for nokre av dei som er på vedlikehald osb. Dermed får vi fortare rullering på bustadene. Det einaste som manglar er at Kobo snakkar med arkiv- og økonomisystema våre.»

«Arbeidet med å setta opp Kobo og leggja inn bustadmassen til kommunen, krev litt tid, men dette sparer ein fort inn igjen» (Geir Rødland, Alver kommune).

 

Ønskjer du å koma i gang med Kobo? Husbanken køyrer nye rundar med innføringsløp i 2025.

Meld deg på her!