Vi skil mellom tenesteområde og fagområde, og bygger samarbeidet i faggrupper og nettverksmøter. Alle kommunane er invitert til å delta. To eller fleire kommunar kan velja å gå saman om å delta i møteplassane med felles representant.
I DigiVestland skal det ved oppstart av avtalen være møteplassar for tenesteområda e-helse, oppvekst, plan, bygg og geodata, og for fagområdet personvern og informasjonstryggleik.
Arbeidet på områda vil bli organisert litt ulikt, fordi oppgåvene til gruppene er forskjellige. Det er også ulik grad av erfaring og deltaking i dei eksisterande gruppene. Organiseringa må ha som mål at den er mest mogleg hensiktsmessig, og det enkelte teneste- og fagområde skal sjølv utarbeide forslag til modell for arbeidet.
Ved oppstart av avtalen tar organiseringa utgangspunkt i ein modell som består av faggruppe og nettverksmøter.
Faggruppe
Det skal vera ei faggruppe per teneste- og fagområde. Representantar frå kommunane utgjer faggruppene, medan ein ressurs frå sekretariatet legg til rette for arbeidet. Den personen som representerer DigiVestland i den tilsvarane møteplassen i den nasjonale samstyringsstrukturen, er i utgangspunktet også leiar av det regionale arbeidet. Leiaren sørgjer for at det er tilstrekkeleg kopling mellom det nasjonale og regionale arbeidet. Leiar for tenesteområdet har også ansvar for å leggja fram den strategiske retninga for det regionale arbeidet.
Faggruppa arbeider strategisk og prioriterer aktivitetar på bakgrunn av behov og innspel frå kommunane, og prioriterer og arrangerer tiltak for å styrke og dele kompetanse.
Nettverksmøte
Saman med sekretariatet skal faggruppene arrangere møteplassar for alle kommunane, og ved behov bidra til at enkeltkommunar kan møte kvarandre også meir uformelt. Til saman utgjer desse møteplassane nettverket der kommunane i DigiVestland-samarbeidet deler erfaringar og styrker kompetansen.
Nettverksmøta og nettsidene er informasjonskanalar samarbeidet skal bruke aktivt for å fange opp viktige moment frå nasjonale aktørar, og formidle desse til kommunane.