Om prosjektet
Noreg skal i 2030 skal vere verdas mest digitaliserte land i følge den nasjonale digitaliseringsstrategien. Samstundes står vi i kommunal sektor i ein krevjande økonomi kombinert med store krav til omstilling for for å kunne tilby gode, bærekraftige tenester til innbyggjarane i framtida. Auka forståing for kva digital transformasjon betyr for kommunane er heilt nødvendig for å lykkast med dette.
Alle sektorar og forvaltningsnivå blir i dag utfordra av digitaliseringa som stadig aukar i omfang, kompleksitet, kostnader og risiko. Kompleksiteten blir ytterlegare forsterka når talet på fellesløysingar aukar, fleire tenester er samanhengande på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Samtidig auka behovet for å strukturera data og bruke kunstig intelligens. Derfor tilbyr DigiVestland eit leiarutviklingsprogram som gjer kommunale toppleiarar betre rusta til å lukkast med digital transformasjon.

Kven er målgruppa?
Kommunale toppleiargrupper i Vestland saman tilhøyrande sentrale roller som IKT-sjef, HR-sjef.
Dette lærer du
Organisasjonar si digitale modning gjennom 6 generasjonar. Kva grep kommunen må ta innan strategi, teknologi, organisasjon og leiing for å lukkast med den digitale transformasjonen.
Det faglege innhaldet leveres frå Di2x som er eit dansk digitaliseringsinstitutt som leverer utdannelser innan digital modenhet og digital transformasjon.

Kor mykje koster det å bli med?
Kor mykje tid krevst?
Når startar første pulje?
- Mars 2025: Påmelding opnar
- August 2025: Deltakarne får tilgang til ein digital sjølvstudiepakke.
- 24-25 september: Lunsj-til-lunsj samling saman med andre kommunar.
- Oktober: Mellomarbeid digitalt sjølvstudie.
- 16-17 oktober: Lunsj-til-lunsj samling
- November 2025: Lokal halvdagssamling i eigen kommune
- November 2025: Felles digital avslutningssamling
Desse kommunane har meldt seg til første pulje
Alver, Askøy, Bergen, Bømlo, Gloppen, Stad, Vaksdal Ullensvang og Øygarden har meldt seg til fyrste pulje og har prioritet hausten 2025. Andre kommunar kan vere med i første pulje dersom det blir plass. Andre pulje er planlagt med oppstart våren 2026.
Det går både an å melda seg på første pulje (snart fullt) eller melda interesse for å vera med i andre pulje her:
For meir informasjon om programmet, ta kontakt med:
Kenneth Sangolt,
Prosjektleiar
Kenneth.Sangolt@oygarden.kommune.no