Det skal arbeidast for å sikre at digitaliseringsnettverket blir ein sentral del i KS sin samstyringsstruktur på digitaliseringsområdet.

Det er eit mål for samarbeidet å oppnå gjenbruk av erfaringar og løysingskomponentar i heile fylket og å bidra regionalt inn mot nasjonal utvikling. Sekretariatet vil derfor aktivt arbeide for regional representasjon på relevante arenaer.

Sekretariatet skal greie ut område der kommunane ser nytte av felles tilnærming, og prøve ut felles løysingar innanfor et felles rammeverk, i størst mogleg grad på den felles integrasjons- og tenesteplattforma for kommunal sektor (FIKS). Sekretariatet skal samarbeide med KS regionalt og nasjonalt med sikte på å bidra til overføringsverdi til kommunane i regionen og nasjonal konsistens.

Samarbeidsavtalen finn du nedst på sida.