Beskrivelse

KS Læring er den nasjonale løysinga for kunnskapsdeling og kompetanseheving i kommunal sektor. Gjennom denne e-læringsportalen får tilsette i kommunar og fylkeskommunar høve til å skapa, dela og forbetra kurs og arrangement. 

Gevinstar

Spart tid 
Kommunen kan skreddarsy si eiga læringsoppleving ved å laga eigne kurs, dra nytte av eksisterande innhald og samarbeide med andre einingar. Dette ikkje berre effektiviserer prosessen, men gir også auka kontroll over tidsbruken.

Deling på tvers
KS Læring legg til rette for ein enkel samarbeidsprosess ved utvikling og deling av kurs på tvers av kommunar og fylkeskommunar. Dette mogleggjer ei kontinuerleg forbetring av kvaliteten ved å dra nytte av andres kompetanse og erfaringar.

Tryggleik
KS Læring tilbyr robuste verktøy for risikostyring og personvern. Med malar for ROS og DPIA gir portalen eit solid grunnlag for å handtera risikoar, og alle kundar må signera ein databehandlaravtale for etterleving og datatryggleik.

Kor mykje kostar løsysinga?

Pris per månad
Kommune: 465 kr +0,19 kr per innbyggjar  
SSO tilkopling: 1 650 kr  
Fylkeskommune: 1 650 kr + 0,10 kr per innbyggjar
Andre 4500 kr

Prosjektavgift Digifin/etableringskostnad 
Etablering av organisasjonsstruktur har ein eingongskostnad på 14 000 kr 

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. For å ta i bruk KS Læring må kommunen ha hovudavtale med KS
  2. Underskriv tenestevedlegget for KS Læring