Beskrivelse
Fiks DigiOrden er eit verktøy som støttar opp under Orden i eige hus og som skaper klarheit og struktur i det digitale landskapet til kommunen. Det gir oversikt over alle applikasjonar og datasett, og ikkje berre oppfyller kravet i lova, men kan også dekkja andre viktige behov som beredskap, strategi, prosjekt og verksemdsarkitektur.
Gevinstar
Enkel avgjerdsstøtte
Fiks digiorden fungerer som ein digital assistent for kommunane. Den gir god oversikt når dei startar nye prosjekt. Kvar blir personopplysningar behandla? Kva applikasjonar blir ramma?
Effektiv bruk av fellesløysingar
Fiks digiorden hjelper kommunane å bruka fellesløysingar betre. Dette betyr mindre overlappande arbeid, fordi ein raskt kan sjå kva fellesløysingar som allereie er i bruk.
Raskare anskaffingar
Kommunane sparer tid ved å bruka Fiks digiorden. Dei har oversikt over grensesnitt og kva applikasjonar som blir ramma. Dette gjer anskaffingsprosessen mykje raskare.
Kor mykje kostar løsysinga?
Pris per månad
9 450 kr for kommunar med fleire enn 50 000 innbyggjarar
3 150 kr for kommunar med mellom 10 000 og 50 000 innbyggjarar
1 050 kr for kommunar med færre enn 10 000 innbyggjarar
9 450 kr for fylkeskommunar og andre
Prosjektavgift Digifin/etableringskostnad
Kommunar med fleire enn 10 000 innbyggjarar skal betala 60 000 kr i prosjektavgift Digifin
Kommunar med mellom 5 000 og 10 000 innbyggjarar skal betala 40 000 kr i prosjektavgift Digifin
Kommunar med færre enn 5 000 innbyggjarar skal betala 25 000 kr i prosjektavgift Digifin
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
Digital signering er ikkje tilgjengeleg for denne løysinga. Avtalen må signerast på papir og sendast til fiksavtaler@ks.no.
Her finn du tenestevedlegget for DigiOrden