Tiltaket har som mål å auka kompetansen og modnaden til kommunane innan informasjonstryggleik og digital beredskap. Som eit startskot for dette, så ønskjer DigiVestland å gjennomføra ei modnadsvurdering av kommunane opp mot NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik.
Tiltaket går ut på å gjennomføra sjølve modnadsvurderinga, utarbeida rapportar og foreslå og prioritera relevante tiltak, men også å eventuelt vurdera kvalifikasjonane av ulike verktøy som kan brukast til modnadsvurderingar, og eventuelt utarbeida/tilpassa eit verktøy som kan førast vidare og brukast av kommunane sjølv i faggruppestrukturen i DigiVestland.
I tillegg vil nokre kommunar inviterast inn i ei arbeidsgruppe, for å gi innspel til prosess og eventuelt verktøy. Desse kommunane vil også vera gjenstand for dei første modnadsvurderingane.
Ein del av oppdraget vil også vera å hjelpa sekretariatet i DigiVestland å planleggja vidare tiltak og aktivitetar i faggruppestrukturen for å oppnå høgare kompetanse om tryggleik i medlemskommunane.