Kartlegginga av kommunane sine behov innan digital tryggleik viste stor spreiing. Nokon ønskjer tett samarbeid på nokre område, andre ønskjer ikkje samarbeid.  

For å få oversikt over moglege tenester som ligg føre innanfor tryggingsområdet har sekretariatet derfor samla tenestene i ei oversikt, eller katalog. Etter samtaler med kommunane kan det sjå ut som at det å ramma inn aktivitetane i ein tenestekatalog, vil vareta ønsket frå kommunane om fleksibilitet, og behovet for å ha den framdrifta særleg kommunane utanfor IKT-samarbeid etterlyser.  

Utvikling av ein tenestekatalog der leverandør av tenestene anten er eksterne aktørar, eller allereie eksisterande aktørar (som faggruppene), er i eigenskapen sin ikkje eit prosjekt. Det kan vera tenester i katalogen som er best utvikla gjennom prosjekt, men i utgangspunktet er ei teneste løpande og gjennomføringa skal ikkje følgja prosjektmetodikk. Gjennomføringa av oppgåver som skal utførast lagt til faggruppestrukturen i DigiVestland, eller til kommunane sjølv. Kommunane kan sjølv velja å melda inn ønskjer for samarbeid om oppgåvene, via faggruppestrukturen.

 

Kva skjer vidare?

Sekretariatet bruker våren 2024 til å setja opp ein plan for gjennomføring av oppgåvene i katalogen som fell til DigiVestland.  

Sekretariatet jobbar med justeringar i organiseringa av arbeidet i faggruppene personvern og informasjonstryggleik, og IT-drift, så dei blir tilpassa ein meir aktiv og gjennomførande rolle som leverandør av tenester.  

Sekretariatet gjer, i samarbeid med faggruppene, ytterlegare kartlegging av behovet til kommunane og ønskjer om samarbeid rundt anskaffingar, og vil ved behov fremja sak til styringsgruppa basert på svara i kartlegginga.  

I løpet av våren 2024 vil DigiVestland lansera eit tilbod om modnadsvurdering av IKT-tryggleiken i kommunane opp mot NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik.  

For å lykkast, både i kvar enkelt kommune og i aktivitetar tiltak og prosjekt i DigiVestland innan tryggingsarbeid, er det grunnleggjande med god kultur for deling mellom kommunane.  

Det er god kompetanse, samla sett, innan tryggingsfeltet i Vestland, og framtidige tenester, tiltak og aktivitetar bør kunna nytta seg av kompetansen i faggruppene og i kommunane.