Utvidar nasjonal sjølvstudiepakke med regional skreddarsaum
Styringsgruppa for Digivestland-samarbeidet har 15. november vedteke at det skal lagast eit regionalt opplæringsprogram for Vestlands-kommunane. Programmet vil vera ein kombinasjon av ein nasjonal felles-leveranse av ein sjølvstudiepakke og regional skreddarsaum. Målet er at det skal vere «spissa nok» og relevant for dei utfordringar som kommunale leiarar på strategisk nivå står over for.
Digivestland si faggruppe for HR har tatt initiativ til satsinga på kompetanseløft digital transformasjon:
«Alle sektorar og forvaltningsnivå blir i dag utfordra av digitaliseringa som stadig aukar i omfang, kompleksitet, kostnader og risiko. Utfordringane blir ytterlegare forsterka når talet på fellesløysingar aukar, fleire tenester er samanhengande på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, samtidig auka behovet for å strukturera data og bruke kunstig intelligens.»
Å leia i den digitale transformasjonen
I kompetanseløftet vil dei kommunale toppleiargruppene dykka ned i korleis den digitale transformasjonen kan leiast gjennom å prioritere (strategiske val), kommunisere og vedta tiltak som bidrar til å bygge kapabiliteter, fordele ressursar, ta i bruk ny teknologi og organisere verksemda for å auka den digitale modnaden. På denne måten vil kommunen levere tenester meir effektivt med høg kvalitet.
Oppstart august/september 2025
Kompetanseløftet planleggast for oppstart i august/september 2025. Det blir 100 til 150 deltakarar fordelt på 2 til 3 kull. Dei fyrste kommunane som har signalisert interesse for programmet er: Alver, Askøy, Bergen, Bømlo, Gloppen, Stad, Ullensvang, Øygarden og Vaksdal. Kompetanseløftet er ein kombinasjon av individuell sjølvstudium på nett, 2 fellessamlingar med fleire kommunar, og ei lokal samling i eigen kommune.
Status per november 2024
Den nasjonale anskaffinga av sjølvstudiepakken for «Digital transformasjon i kommunal sektor» som det regionale programmet bygger på gjekk til Digitaliseringsinstituttet/DI2X. Produksjon er allereie i gang. Les meir her: Diginettverka går saman om ny sjølvstudiepakke DigiVestland si styringsgruppe vedtok oppstart av planleggings og gjennomføringsfase 15. nov 2024.
Prosjektet si framdrift blir rapportert til DigiVestland sine styringsgruppemøter og på våre nettsider. Kenneth Sangolt frå Øygarden kommune er ny prosjektleder og spørsmål kan evt rettes til ham direkte på e-post eller telefon 414 76 319.