Vedtak og signering 

Bergen bystyre vedtok 30. januar å invitere kommunane i Vestland til å signere ein avtale om samarbeid på digitaliseringsområdet, med Bergen kommune som vertskapskommune etter kommunelova kapittel 20. Loven set krav til at avtale blir inngått mellom Bergen kommune og kvar enkelt part, som i denne avtalen er kvar kommune. Kommunane må difor vedta samarbeidet i sine respektive politiske organ for at avtalen skal vera gyldig. Det er utarbeida forslag til vedtak som kommunane er tilrådd å nytta, slik at vedtaket er sikra å omfatte det lova set krav til. 

Prosessen for å slutte seg til samarbeidet er slik:  

  1. Saka blir behandla i kommunestyre/heradsstyre 
  2. Kommunedirektør/rådmann signerer avtalen 
  3. Signert avtale og kopi av politisk vedtak blir sendt til Bergen kommune 

Avtalen signert av Kjetil Århus, Bergen kommune, er sendt postmottak og kommunedirektør for vidare behandling. 

Vil du lese avtaleteksten kan du finne den her. 

Vi ber kommunene behandle saken ved første høve og innan 31. mai, for at sekretariatet skal kunne planlegge bemanning og program til hausten på ein best mogleg måte.  

Drift av samarbeidet i 2025 

I tida fram til 1. august vil drifta av samarbeidet fortsette som før, finansiert av ubrukte midlar. Det blir dermed ingen deltakarbetaling i perioden. 
Kommunane som signerer avtalen vil få faktura på deltakarbetaling for perioden 01.08.-31.12.2025, og første faktura på ny avtale med heilårsverknad vil dermed bli i 2026. 

Oppsummering 

KS har på vegner av kommunane tatt ansvar for å drive fram og leggja til rette for digitaliseringsarbeidet i kommunane. Diginettverka har ei viktig rolle i samstyringsstrukturen for å koordinere dette arbeidet.  

Bergen kommune ønskjer alle kommunane i Vestland velkommen til samarbeid om dei felles måla KS har satt:  

  • Styrke kapasitet og kompetanse  
  • Bidra til utbreiing av digitale fellesløysingar og gevinstrealisering  
  • Spela inn nye behov og mobilisere ressursar inn i nasjonalt arbeid   

Saman er vi sterke, og jo fleire kommunar som blir med i samarbeidet, jo sterkere er vi.  

Lurer du på noe?

Spørsmål kan rettast til 

Simen Soltvedt, leiar for sekretariatet i DigiVestland.  
E-post: simen.soltvedt@bergen.kommune.no,  
Tlf.: 97141707