Sidan 2022 har alle kommunane i DigiVestland teke eit viktig steg mot å løfte kvaliteten i barnevernet ved å skaffe nytt digitalt fagsystem for barnevernet. Voss, Årdal og Bjørnafjorden gjekk saman om alt frå marknadsundersøkingar og behovskartlegging (Saman med SysIKT og IKT Nordfjord) til kravspek og jurdisk hjelp, då dei skaffa det nye systemet til Visma. Dei reknar med at dette har spart dei for nærare 67% av kostnadene. I Rogaland erfarte dei det same då 19 kommunar gjekk saman, og dei har rekna med at dei sparte 93% ved felles anskaffing av det nye barnevernssystemet sitt.  

No vurderer dei Voss, Årdal og Bjørnafjorden å samarbeida om implementeringa av fagsystemet. Dette kan inkludera fellesløysingar for digitale bekymringsmeldingar, bruk av barnevernfagleg kvalitetssystem, innbyggjartenester, og verktøy som forbetrar rapportering og arbeidsflyt. På den måten håpar dei å få mest mogleg tilbake for investeringa i det nye fagsystemet.

På nasjonalt nivå har arbeidd med gevinstrealisering i desse prosjekta i høg prioritet. Bufdir, i tett samarbeid med KS digital og diginettverka, planlegg allereie ein erfaringskonferanse for kommunar som har teke i bruk barnevernfagleg kvalitetssystem (BFK). Denne konferansen vil vera ein viktig arena for å dela erfaringar og innsikter frå innføringsprosessen.

I tillegg vil KS Digital (DIF) halda ei samling i Bergen i desember, open for kommunar og regionar som no tek i bruk det nye fagsystemet. Dette vil gi kommunane høve til å diskutera forvaltning og koordinering av dei ulike digitale løysingane, inkludert innbyggjartenester, BFK, rapportering og bekymringsmeldingsportalen.

Fleire kommunar i andre regionar samarbeider allereie om felles prosjekt som kan støtta denne viktige overgangen, og erfaringane frå samarbeid med andre regionar viser at denne typen samhandling fører til raskare omstilling og ei meir skalerbar utvikling.  

I Voss, Årdal og Bjørnafjorden meiner dei at ein god felles innsats kan gjera at dei står betre rusta til å møta dei utfordringane barnevernet står overfor i tida framover. Gjennom systematisk samarbeid og deling av beste praksis vil dei sikre dei barnevernstilsette i kvar enkelt kommune ein arbeidskvardag der dei får bruka meir tid på at dei som treng det mest, får den hjelpa dei treng, og at barnevernet blir tryggare og meir tilgjengeleg.

Vi skal sette opp eit møte der vi informerer om planar og inviterer til samarbeid om leveransane innan barnevern. Viss kommunen din ønskjer å delta på dette ta kontakt med iren.ramsoy@bergen.kommune.no