I starten av 2025 vil KS Digital setja saman nye brukarråd for tenestene:
- MinKommune
- DigiSOS (Søknad om sosialhjelp)
- Barnevern (Nasjonal portal for bekymringsmelding, Kommunen min – barnevern og Chat – barnevern)
Der er fleire medlemmer som vil halda fram og satsar på kontinuitet, men dei treng påfyll! Dei ønskjer 5 – 10 medlemmer per brukarråd, med ein god representasjon av kommunestorleik, kompetanse og fagsystem.
Regelmessigheit av møte blir basert på behov, men for både Kommunen min og Barnevern vil det skje mykje i 2025, så sats på om lag ti møte i året. For Digisos er det aktuelt med om lag fem møte for 2025. Alle møte er digitale.
Medlemmer sit i utgangspunktet i to år, men sidan KS Digital veks fort i talet på og type tenester, kan det fort skje at me må tilpassa brukarråda til utviklingar i portefølje og verksemd.
Verkar dette interessant?
Meld deg sjølv eller foreslå ein kandidat gjennom dette Form-skjemaet innan 15. januar.
Ta kontakt med hanneke.brouns@ks.no om du vil vita meir om brukarråda.