Pasientens legemiddelliste (PLL) er eit av Norges viktigaste nasjonale tiltak innan e-helse. PLL inneber at det blir etablert éi elektronisk legemiddelliste for kvar enkelt pasient - som så blir delt mellom helsepersonell på tvers av kommunar og helseføretak.  

Sidan 2020 har PLL vore prøvd ut av kommune og spesialisthelsetenesta i Bergen, som del av den nasjonale utprøvinga. Nå er utprøvingsprosjektet ferdig, og DigiVestland står klar til å leggja til rette for innføring av PLL-løysinga i dei 18 kommunane i helsefellesskapet. Resten av kommunane i Vestland vil få tilbod om støtte til innføring ved eit seinare høve.

For å få prosjektdeltakarar med mest mogleg relevant kompetanse og engasjement for løysinga, er frikjøp av ressursar som allereie arbeidar i kommunane, å føretrekke.

Stillingsdel som vert lagt fram er eit estimat, og kan tilpassast i samtale med kommunane. Det er mogleg at fleire personar deler på nokre av stillingane, og nokre stillingar kan bli slått saman om det er aktuelt.  

 

Stillingane prosjektet ønskjer å fylle:

  • Prosjektleiar, 1 person, 100%
  • Lege, 1-2 personar, 20%
  • Sjukepleiarar (heimesjukepleie og sjukeheim), 2-4 personar, 80%
  • Farmasøyt, 1 person, 20%
  • Opplæring, 1-2 personar, 60%
  • Kommunikasjon, 1-2 personar, 30%
  • IKT/teknisk, 1 person, 60-80%
  • Testing/Testansvarleg, 1-2 personar, 20-30%
  • IT-arkitekt, 1 person, 10%

 

Vil du ha meir informasjon?

Kommunane som er aktuelle for frikjøp får særskilt invitasjon til webinar fredag 23. august kl. 10.00-10.30. 

 

Vil din kommune delta aktivt i prosjektet?

Send forslag om aktuelle deltakarar på mail til pll@bergen.kommune.no innan 31.08.2024.

Skriv namn, kva stilling og stillingsdel som er aktuell, samt kontaktinformasjon til den/dei som skal vera med i vidare samtalar om frikjøp.