Innan sommaren 2025 er det planlagt utvikling av 30-40 tekstar. Dei som får tenester frå barnevernet får både vedtak, informasjonsskriv, signerer samtykke og får innkallingar til møte. Møtet med barnevernet blir betre viss det er lett å forstå kva breva seier.

Alle tekstene går gjennom fleire steg før dei blir rekna for å vera gode nok. Det er klart språk i ein imøtekomande tone. Tekstene er kvalitetssikra både fagleg og juridisk. Og så er det brukartesta, av både dei som skal lesa tekstene og dei som skal skriva dei. Ei arbeidsgruppe med tilsette i barnevernet over heile landet utviklar tekstene, under leiing av Marianne Bugge Nordbergi KS, og i samarbeid med eksterne språkkonsulentar. Når tekstene er testa og justerte og testa igjen, blir dei gjorde klare på bokmål, nynorsk og samisk.

Ein siste viktig del av prosjektet er samarbeidet med leverandørane av fagsystema, Visma og Netcompany. Løysingane dei leverer er bygd opp ulikt for korleis ein gjer standardtekster og målar tilgjengeleg. Visma har ein litt enklare måte å gjera det på, og tekstene under er allereie tilgjengelege i Flyt barnevern. Kommunen må sjølv henta dei frå og ta dei i bruk. Det er dialog med Netcompany for å finna gode løysingar òg i fagsystema deira.

Så kva gjer du?

  • Bruk tekstene! Dei er ei heilt gratis gåvepakke til deg som jobbar i barnevernet! Og ikkje minst – til innbyggjarane som skal lesa tekstene de sender.
  • Finn du formuleringar som ikkje passar hos dykk? Gi tilbakemelding! Då vil arbeidsgruppe vurdera om dette gjeld for fleire, og prøve å justera teksta så det femnar alle.
  • Held de på å etablera eit klarspråksprosjekt sjølv? Ta kontakt med Marianne Bugge Nordberg – kanskje de heller kan bli ein del av dette prosjektet?

Nye tekster kjem fortløpande. På denne nettsida kan du følgja med på framdrift i prosjektet og laste ned tekstene etter kvart som dei er ferdige.