Ved å komma tidleg inn, tenkje nye heilskaplege digitale løysninger og velferdsteknologi, vil gevinstar kunna hentast ut både for brukar sjølv, men også for kommunen i form av spart tid og ressursar.
Prosjektet er del av nasjonalt velferdsteknologiprogram og er finansiert av Helsediretkoratet og Statsforvalter. Sunnfjord kommune er prosjekteigar/vertskommune.
Formålet med prosjektet er å dela erfaringar lokalt, regionalt og nasjonalt, med fokus på tverrsektoriell samhandling for kvalitet og berekraftige tenester. I prosjektet deltek 8 kommunar. Kommunane jobbar med implementering av aktuelle teknologiske løysningar og organisering av tenester rundt desse. Implementering av teknologi blir knytt til behova i kvar enkelt kommune.