Sidan 2020 har PLL vore prøvd ut av kommune og spesialistheilsetenesta i Bergen, som del av den nasjonale utprøvinga. Prosjektet har no fått ført vidare finansiering gjennom helseteknologiordninga for 2025. Målet er at alle kommunane i helsefelleskapet skal implementera og ta i bruk løysinga.
Kva er PLL?
Pasientenes legemiddelliste er eit pasienttryggingstiltak som vil gi tryggare behandling og betre samhandling ved at ein har tilgjengeleg ei felles, digital oversikt over legemiddelbruken til pasienten. Informasjonen blir delt mellom helsepersonell med tjenstleg behov. PLL gir informasjon om legemiddelbehandling som er rekvirert eller ordinert frå alle delar av helse- og omsorgstenesta, t.d. frå fastlege, sjukeheimslege og sjukehuslege.
Tryggere for pasientene
I DigiVestland-kommunane, som i alle andre kommunar i Noreg, så skjer det daglege feil fordi det medisinske apparatet ikkje har full oversikt over kva medisinar innbyggjarane går på.
I eit pasienttryggingsperspektiv er det viktig å ha rett, oppdatert oversikt - for å unngå feil, uønskte hendingar eller svikt i oppfølging.
Så enkelt forklart - ved å ta i bruk PLL vil alle operera med ei felles liste pr pasient, i staden for lokale oversikter – slik det er i dag.

Først Bergensområdet, så resten av helsefelleskapa i Vestland
Prosjektet har hatt ein raud tråd frå utprøving i Bergen kommune nå over til eit prosjekt for å breidde løysinga ut i regionen - på den tida har vi gjort oss gode erfaringar som dei andre vil dra nytte av. Det som skjer i prosjektet skal gagna alle. Neste steg er å breidde det ut i Sogn og Fjordane helsefelleskap og helsefellesskapet i Helse Fonna.
Helsedirektoratet har informasjon om PLL til ulike brukargrupper på nye nettsider om PLL
Har du spørsmål om PLL ta kontakt med prosjektleiar Lars Nedrelid.