Vegkart for digitale innbyggjartenester
Den nasjonale digitaliseringsstrategien seier at det skal leggjast til rette for at innbyggjarane får ein betre og meir heilskapleg oppleving av digitale tenester, der behova og perspektiva deira blir prioriterte. For å kunna tilby betre innbyggerjtnester, er det nødvendig å samarbeida rundt fleire nasjonale fellestenester.
Vegkart for digitale innbyggjartenester er eit verktøy for å operasjonalisere den nasjonale strategien. Målet er å gå frå ulike lokale løysingar til nasjonale fellestenester som som gir innbyggjarane samanhengande tenester som er enklare, tryggare og av betre kvalitet, og som i tillegg underbyggjer kostnadseffektive prosessar i kommunane.
Dei fire føremåla med vegkartet
- Det skal definere den overordna visjonen og måla for digitalisering av innbyggjartenester, og gi ei klar retning for kva som skal oppnåast på kort og lang sikt.
- Det skildrar konkrete tiltak og milepælar som må gjennomførast for å nå dei fastsette måla, og deler opp arbeidet i fasar som er lett å følgja og evaluera.
- Det legg til rette for samarbeid mellom ulike aktørar, både på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå, for å sikra ei heilskapleg og koordinert utvikling av digitale tenester.
- Det fungerer som eit effektivt kommunikasjonsverktøy, som gir alle aktørar ei felles forståing av måla, tidslinjene og framdrifta. Det sikrar at både interne og eksterne interessentar, som politikarar, leiarar og innbyggjarar, er informerte og engasjerte i prosessen.
Slik blir det jobba med vegkartet
Det er samla ei arbeidsgruppe med engasjerte personar frå kommunar, fylkeskommunar og IKT-miljø som skal jobba med vegkartet. Arbeidsgruppa har fått innspel på 200 pågåande og nye initiativ for digitale innbyggjartenester, som dannar grunnlag for arbeidet med vegkartet. Prioriteringar vil bli gjorde i tråd med definerte strategiske kriterium.
Som ein del av forankringsarbeidet har KS arrangert to webinar om arbeidet med vegkartet. Opptak av webinara finn du på KS’ nettside Webinarrekke om digitalisering.
Har du spørsmål om arbeidet? Ta kontakt med:
Tove Bech, kontaktperson i DigiVestland
Tove.Bech@bergen.kommune.no
Ragnar Bøe, KS Digital
ragnar.boe@ks.no