Eit samarbeid mellom DigiVestland og KS
Arbeidsgruppa for personvern og informasjonssikkerheit gjennomførte i 2022 ein pilot i samarbeid med KS og prosjektet SkoleSec. Piloten testa ut ei regional rettleiarteneste i personvern og informasjonssikkerheit for skuleeigarar og rådgivarar. I dette inngjekk mellom anna rutinar rundt innkjøp, databehandlaravtalar, risikovurderingar, personvernkonsekvensvurderingar (DPIA), behandlingsprotokoll av digitale læingsressurser.
Basert på erfaringane frå piloten og evaluering i etterkant, ble rettleiartenesten etablert som ei fast teneste fra faggruppe for oppvekst.
I dokumentet under finn du meir informasjon om kva kommunen din vil oppnå, innhald i rettleiinga og kva det vil krevje av kommunen din å delta. Arbeidde vi gjennomfører saman med kommunane strekkjer seg frå november til juni.
Påmelding til rettleiartenesten
Faggruppa gjennomfører nye rundar med rettleiingstenesta ut frå etterspurnad og behov. Våren 2024 er tredje gong me gjennomfører denne tenesta.
Ønskjer du å delta? Vanlegvis søkjer vi deltakarar til rettleiingstenesta på hausten. Følg med på denne sida eller ta kontakt med malin.maroy@bergen.kommune.no