I rettleiaren blir det tilrådd at skular og skuleeigarar har eit sett av tiltak for førebygging og handtering dersom barn og unge blir eksponert for skadeleg innhald på internett. Rettleiaren peikar også på nyttige ressursar som kan brukast i arbeidet, mellom anna Udir og Datatilsynets nettressurs dubestemmer.no og kompetansepakken "Systematisk arbeid med digital dømmekraft”.
Her kan du lese rettleiaren “Hvordan beskytte elever mot skadelig innhold på nett”
Viktige tiltak i rettleiaren
- God opplæring i tråd med læreplanane som bidreg til å utvikla den digitale dømmekrafta til elevane
- God kommunikasjon med foreldre om den digitale kvardagen til elevane
- Samtalar med elevane om kva som er skadeleg innhald
- Oppfølging av elevar som har sett skadeleg innhald
- Filtar på nettverk og einingane til elevane
(KS “Ny veileder om hvordan beskytte barn mot skadelig innhold på nett”).