Målet er at innbyggjarar skal få lettare tilgang til informasjon om kva som gjeld for eigedomen deira, det vil seia: hjelp til å tolka plandokument. Med Planslurp så kan du laste opp plandokument i PDF format, så vil KI teknologien tolka planen og senda i retur det som gjeld for ein aktuell eigedom. Planslurp er utvikla i samarbeid med Mindshift AS, Inmeta Consulting AS og Arkitektum AS på oppdrag for DiBK og KS, og Planslurp vann Fyrlyktpris i år for å vera eit innovativt IKT prosjekt. Det blir nå jobba vidare med å vidare utvikla planslurp og laga fleire typar slurpar, døme på andre slurpar er eit slurp for alle rettleiarar på område byggjesak og plan, Statens vegvesen handbøkene sine, arkiv osb. DigiVestland gler seg til å følgja utviklinga og den framtidige gevinsten dette vil gi oss kommunar.
Les meir om planslurpen og Fyrlyktprisen 2024.
Tekst: Heidi Ørjansen (Kvam Herad)