Om PLL

Pasientens legemiddelliste er ei elektronisk oversikt over den antekne legemiddelbruken til pasienten, avtalt mellom pasient og behandlar. Denne oversikta gir informasjon om legemiddelbehandling føreskriven frå alle delar av helsetenesta, som til dømes frå fastlege og sjukehuslege.

Om prosjektet

Bergen kommune har i lengre tid vore ein føregangskommune for å prøva ut PLL. Bergen kommune no har fått 6,27 mill. i tilskot via Helseteknologiordninga til regional utbreiing av PLL i helsefellesskap i Bergensområdet. Prosjektet skal realiserast i regi av ehelse i DigiVestland, og kjem til å gå over fleire år. Dette blir også eit samarbeidsprosjekt med Helse Vest og prosjektet vil ha ei felles styringsgruppe. Tildelinga kom i første halvdel av april og, arbeidet med å etablera prosjektrigg er i gang. Bergen kommunes PLL-aktivitetar inngår i dette prosjektet.

 

Status per juni 2024

Forseinka oppstart av prosjekt, og det blir jobba med å få deltakar til prosjektgruppa og få på plass prosjektleiar og kontaktpersonar i kommunane. Godkjenning EPJ for PLL er ikkje avklart, og kan forseinka utbreddingen av PLL i kommunane.