DigiVestland ønskjer å etablera eit regionalt prosjekt som vil bidra til å operasjonalisera den nye strategien og tilhøyrande handlingsplanar gjennom regionale tiltak og aktivitetar. 

Faggruppe for oppvekst ønskjer å løfta fram område som vi reknar med at handlingsplanen vil omhandla og som faggruppa har løfta opp som sentrale problemstillingar som del av innspelet gitt til ny strategi. Områda me vil løfta fram er systemforvaltning, økosystemet for digitale læringsressursar og anskaffingar av digitale læringsressursar. Du kan lesa meir om dei ulike områda i boksane under. 

Systemforvaltning

I dag blir det brukt ei breidd av digitale system i skulen, og det er ei krevjande oppgåve for kommunane å forvalta systema på ein sikker og god måte. Forvaltninga inneber mellom anna vidareutvikling og drift av system, forvaltning av avtalar, endringshandtering, tilgangsstyring, oppdatering av risikovurderingar, brukarstøtte og opplæring. Det er stort potensiale i å samordna og dela erfaringar mellom kommunane, samtidig som å utarbeida og implementera felles rutinar for systemforvaltning i kommunane. 

Økosystemet for digitale læringsressursar

Eit digitalt økosystem karakteriserer samhandling, eller samspel mellom aktørar, løysingar og tenester. Det er eit nasjonalt mål for digitaliseringspolitikken at kommunale og statlege verksemder, saman med leverandørane, byggjer sine tenester med utgangpunkt i eit felles digitalt økosystem. Dette inneber mellom anna standardar, nødvendige fellesløysingar, deling av data og samhandling mellom aktørane i økosystemet som då i praksis vil etablera eit ytre skjold. I digitaliseringsstrategi for barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring (2023-2030) har arbeidd med å etablera eit velfungerande digitalt økosystem ein sentral plass. 

I dette ligg også å etablera eit nasjonalt kompetansesenter til støtte for kommunane. Om dette kjem vil det vera behov for å ha eit mottaks- og støtteapparat i kommunane for å få henta ut synergiane av eit slikt sentralt senter. Det er naturleg at DigiVestland tek ein koordinerande og tilretteleggjande rolle i dette.

Anskaffingar av digitale læringsressursar.

Det er utfordrande for kommunane å vurdera styrkar og kvalitetar ved digitale ressursar, og anskaffingsprosessane i kommunane er krevjande. I Handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa (2020-2021) er eitt av tiltaka å greia ut og utvikla ein pilot for ein nasjonal tenestekatalog for digitale læremiddel som skal effektivisera og forenkla skuleeigarars anskaffingsprosessar. Det er også gitt signal om at den nye digitaliseringsstrategien for barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring (2023-2030) vil ha tiltak som skal støtte og avlasta barnehage- og skuleeigarar i oppgåvene knytt til anskaffing av digitale ressursar og materiell. Det eksisterer allereie samarbeid knytt til anskaffingar i Vestlandsregionen. Til dømes organiserer Bergen kommune større innkjøp i samarbeid med 13 andre kommunar. Ein bør sjå nærare på om tilsvarande samarbeid kan utvidast til å gjelda alle kommunane i Vestland.

Status per juni 2024

Tiltaket har rapportert om gul status når det gjeld tid, ettersom det framleis går utgreiingsarbeid føre seg på dei mest sentrale tiltaka nasjonalt, og nye handlingsplanar blir sette det an. DigiVestland oppvekst arbeidsgruppa si for digitaliseringsstrategi og fag- og prioriteringsutval har dedikert oppfølging av strategien og har vore i drift snart eitt år. Gruppa har levert mange og viktige innspel til nasjonale prosessar via fag og prioriteringsutvalet for oppvekst. Tiltaka me har sett i drift til no har ikkje medført ekstra kostnader utover reiser, deltaking på samlingar og fysiske innspelsmøte nasjonalt som er relevante for oppfølging av den nye digitaliseringsstrategien. Planane om å følgja tettare opp kvar enkelt kommune er utsette grunna tidsmangel, men temaet digitaliseringsstrategien blir jamleg behandla på dei opne møta DigiVestland arrangerer for alle kommunane i samarbeidet.