- Dette skal vera ein arena der vi gjennom samtalar med spennande gjestar viser kva som byggjer og utviklar øygardssamfunnet, seier kommunedirektøren.

Etter første episode 25. oktober med ordførar Tom Georg Indrevik som slo på gongongen, er det produsert tre ytterlegare episodar. Den 8. november tok Rådhuset pulsen på Øygardskonferansen der fleire gjestar var i studio som i dette høvet var flytta ut til konferanselokalet i Panorama Hotell & Resort.

Andre gjester har vore reiselivsdirektør Anders Nyland der temaet var Øygarden som reiselivsmål og professor Silje Mæland som snakka om at «Jobben gjer frisk».

 

Foto: Vigleik Brekke

 

Her finn du podkasten Rådhuset. Du kan også lytte via Spotify, Apple Podcasts og ei rekkje andre apppar.

 

Tekst: Vigleik Brekke