Frå 1. januar kan du risikera at måten nettsida til kommuna di brukar informasjonskapslar, opplyser brukaren om denne bruken, ikkje lenger følgjer reglane - når den nye ekomlova trer i kraft. Samtykke til ein cookie må oppfylla krava til eit GDPR-samtykke. Det betyr mellom anna at det skal vera like lett å seia nei som å seia ja til å godta cookiar. Det vil ikkje setjast krav om samtykke kvar gong ei nettside blir opna, men lovendringa vil gi brukarane betre kontroll med korleis nettstadene sporar aktiviteten deira. Endringa vil gi norske brukarar same rettar som brukarar i andre EØS-land.

 

Les meir om dei nye cookie-reglane i denne Digi.no-artikkelen.