Fleire kommunar bidrog til testing

Ny akseptansetest vart gjennomført denne veka, saman med mellom anna Bergen, Gjøvik, Nord-Aurdal, Sandnes, Alta og Harstad. Feil som vart avdekt ved første akseptansetest var retta og det var samlande semje om at løysinga er klar for produksjon. Løysinga vil bli forbetra og vidareutvikla framover.

Det er utarbeidd ein rettleiar du kan lasta ned her (PDF)

Fagsystem må tilpassast

Me minner om at for dei som har integrasjon mot fagsystem, så vil endringane bli tilgjengeleg først når leverandørane har fått gjort tilpassingane sine, og systema er oppgraderte i kvar enkelt kommune.

Integrasjonane vil fungera på gammal løysing ei god stund framover, så de vil ikkje mista tilgang til opplysningane.

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med KS på fiks@ks.no