Bekymringsmeldingar som blir sende og mottekne gjennom portalen kjem fram raskt og sikkert, og gir barneverntenesta den nødvendige informasjonen å vurdera meldinga på best mogleg måte. 

KS jobbar med å vidareutvikla løysinga og vil lansera ein ny versjon i februar. Den nye versjonen inneheld berre éi endring i skjema for offentleg meldar. 

Etter at meldaren har svart ut: 
’Beskriv kvifor du er bekymra’ 
’Kommenter eventuelle tidlegare tiltak for å hjelpa barnet’ 

Vil det vera eit nytt felt:
’Beskriv synspunkta til partane’.

Her blir meldaren oppmoda til å fortelja kva foreldre, barnet og andre relevante partar meiner om situasjonen. 

Les meir på ksdigital.no.