Ny som leiar i kommunal sektor – nye digitale kurs når det passar deg
KS lanserte modul 1 i «Ny som leiar» i fjor. No er modul 2 og 3 klar. Bli med på lanseringa fysisk eller digitalt 13.11. kl. 8.30 - 9.15. Frukost blir servert frå kl. 8 for dei som er til stades i KS-huset i Vika.
Anten du er ny som leiar, eller ny som leiar i kommunal sektor vil denne kursserien vera relevant. Utan erfaring frå kommunal sektor er det mykje nytt å setja seg inn i, og utan erfaring som leiar er det også mange ting ein skal kunna i kommunal sektor.
Les meir på KS’ nettsider