Den nye samarbeidsavtalen som Bergen har lagt fram er skrive med utgangspunkt i den nåverande avtalen, og innspel kommunane har kome med. Avtalen er til politisk behandling i Bergen kommune, og saken kan følgjast på deira nettside.
Gjennom KS har kommunane ein samstyringsstruktur for digitalisering som mellom anna skal fremja kommunesektoren sine interesser på digitaliseringsområdet, og bidra til digitalisering av dei kommunale tenestene. KS har definert digitaliseringsnettverka sin rolle som ein del av den nasjonale samstyringsstrukturen, det same er gjort i regjeringa sin nasjonale digitaliseringsstrategi.
Hovudpunkt i avtalen
I den nye avtalen ligg organiseringa av samarbeidet i DigiVestland tettare opptil samstyringsstrukturen enn før. Kommunane i Vestland vil få best mogleg innsikt i, og sterkast kraft til å påverka det nasjonale arbeidet, når dei nasjonale møteplassane blir spegla i dei regionale.
Andre hovudpunkt:
- DigiVestland fortsett som vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bergen kommune som vertskommune.
- Avtalen beskriver kort kva oppgavåer som skal utførast i samarbeidet. Omfanget er skalert noe ned frå nåverande avtale, frå ca. 10 millionar kr, til maksimalt 8 millionar kr.
- Kommunedirektørane får ein tydeleg plass i det strategiske arbeidet i DigiVestland, gjennom den nye møteplassen “Kommunedirektørmøte”. DigiVestland skal fortsatt ha ei styringsgruppe som styrer det daglege arbeidet, og eit digitaliseringsutval som tilrår og førebur saker saman med sekretariatet. Det vil bli utarbeida mandat for desse gruppene, men meir deltaljer står i eigen artikkel.
- Aktivitetane i DigiVestland skjer i faggrupper og nettverk. Ved oppstart av avtalen forsett møteplassane for oppvekst, e-helse, plan, bygg og geodata, og personvern og informasjonstryggleik. Meir om dette i eigen artikkel.
- Finansieringsmodellen blir vidareført. DigiVestland blir finansiert dels av deltakarbetaling, og dels av eksterne midlar, som tilskot frå Statsforvaltaren, eller oppdragsbrev frå KS, for oppgåver knytta til e-helse.
Tilslutting til samarbeidet
Bergen kommune er vertskommune. For å kunne invitere andre kommunar til samarbeid må avtalen først vera vedteken i Bergen bystyre. Saka er meldt inn, og planlagt behandla i bystyret 29. januar. Byrådet skal gi si innstilling til saka torsdag 19. desember.
Kommuneloven sett krav til at vertskommunesamarbeid blir inngått etter vedtak i kommunestyret.
Dato for oppstart av avtalen er sett til 1. august 2025. Det er ein fordel for samarbeidet om kommunane kan fatte eigne vedtak ved første høve våren 2025, og seinast 31. mai. Me rår kommunane til å førebu ei sak til behandling i eigen kommune basert på det som er sendt i brev til kommunedirektør og postmottak 12. desember, og informasjon som elles finst på desse nettsidene. Merk atterhald for moglege endringar etter politisk behandling i Bergen.