Fleire av innspela frå kommunane er av prinsipiell karakter, og gjer at utkastet til avtaletekst ikkje lenger er aktuelt. Hovudsakeleg dreier dette seg om val av organisasjonsform og styringsmodell, Bergen sin rolle som vertskommune, forståing av kva oppgåver DigiVestland skal ha, og finansieringsmodell. 

Konklusjonar frå styringsgruppa

Styringsgruppa hadde gode drøftingar, som enda med følgjande konklusjonar:

  • Arbeidet med ny avtale for DigiVestland-samarbeidet fortset.
  • Styringsgruppa ber kommunane si ja til utviding av den gjeldande avtalen i inntil seks månader, for at prosessen skal kunne fortsette.
  • Styringsgruppa ønskjer at Bergen kommune skal fortsette som vertskommune.
  • Arbeidsgruppa skal legge til rette for dialog med partane i samarbeidet, for å etablera ei felles forståing av grunnlaget samarbeidsavtalen skal konkretisere.

Styringsgruppa var samde om at kommunikasjon i fortsettinga skal skje direkte til kommunedirektørane, og det vil bli planlagt aktivitetar som vil gi kommunedirektørane den kunnskapen som er nødvendig for å ta avgjersle i saka. 

Referat og sakspapir frå møtet finn du her.

Meir informasjon blir send ut til kommunedirektørane innan 25. september

Sekretariatet vil her leggja fram vidare framdriftsplan og konkret førespurnad om utviding av gjeldande avtaleperiode, med kort frist for å svara. 

 

Har de spørsmål eller innspel? Ta kontakt med leiar for arbeidsgruppa, Tove Mæland Bech tove.bech@bergen.kommune.no.