Prosessen starta med ei strategisamling i januar og utarbeiding av eit kunnskapsgrunnlag. Gjennom forankring på mange ulike arena og ein endeleg innspelsrunde frå kommunane vart kunnskapsgrunnlaget vedteke. Dette blei lagt til grunn for utarbeiding av utkast til ny avtale.

Status per desember 2024

Bergen kommune sitt forslag til ny samarbeidsavtale ble behandlet i styringsgruppen, som støttet avtaleutkastet. Avtalen blir nå behandlet i Bergen bystyre i slutten av januar 2025. Når det er gjort vil Bergen invitere kommunene i Vestland til samarbeid om DigiVestland. Målet er at ny avtale skal gjelde fra august 2025.

Status per august 2024

Utkastet til ny samarbeidsavtale vart sendt frå KS den 5. juni. KS gjennomførte eit frukostmøte den 11. juni der prosess og avtale vart gjennomgått. Frist for innspel på avtalen vart sett til 30. juni.  

Vi fekk tilbakemeldingar frå totalt 28 kommunar, og 23 kommunar hadde innspel via Region Nordhordland IKS/Kommunedirektørutvalget i Region Nordhordland, SYSIKT og IKT Nordfjord. Tre kommunar hadde ikkje innspel, men stadfesta behandling av avtalen i eigen kommune til hausten. Innspela som har komme inn, kan påverka avtalen i prinispiell grad. Dette kan bety at vi må skyva prosessen om ny avtale ut i tid, inkludert den politiske prosessen i kommunane. Meir informasjon vil komma i september.