Ein 80-20 prosent tilnærming skal hjelpa kommunane å ta eigarskap til DPIAen

KS skriv at no som DPIAen er publisert, er målet at kommunane sjølv skal ta eigarskap til DPIAen, justera vurderinga etter eigne behov og oppfylla rolla si som behandlingsansvarleg. Samtidig slepp kommunane å starta frå botnen av. Skuleeigar kan ta DPIAen frå 80 til 100 prosent. 

I sjølve DPIAen har KS markert gule felt der dei meiner kommunane må fylla inn og justera. Dei har også laga ein steg-for-steg-vegvisar som skal guida deg gjennom kva de konkret må ta stilling til.

 

Last ned DPIA'en her

DPIA Hoveddokument med vedlegg [Nedlastbart Word-dokument - norsk]

DPIA personvernkonsekvensvurdering [Nedlastbart Excel-dokument - norsk]
 

På nettsida til KS kan du lesa meir om DPIAen. Her finn du òg rettleiingsmateriale og kontaktinformasjon til prosjektleiar.

DPIA av Google Workspace for Education for folk flest

Er du nysgjerrig på kva hovudkonklusjonane i DPIAen er? Denne artikkelen er for deg som ikkje driv med personvern, men som har høyrt om Google-DPIAen.