Gevinstar

Større tillit til barnevernet
Barn, unge og føresette får ein trygg kanal for samarbeid med barnevernet om eiga sak.

Meir eigarskap over eigne data
Involverte i ei barnevernssak kan følgja med på eiga sak, be om innsyn og gi samtykke på ei eiga digital flate.

Sikkert for alle
Innlogging skjer via ID-porten på høgaste nivå. Saksbehandlarar tilgjengeleggjer data direkte frå fagsystemet dokumenta ligg i.

Kor mykje kostar løysinga?

For drift, forvalting og vidareutvikling av løysingane vil KS Digital fakturera ein månadspris. Kommunar kan sjå kva tenesta vil kosta ved å bruka priskalkulatoren vår. Prisen følgjer den nye prismodellen til KS Digital, som vart vedtatt etter ein høyringsrunde i kommunal sektor. Prisen består av ein fast pris og ein pris per innbyggjar. Innbyggjarprisen blir justert etter kommunestorleik; store kommunar betaler litt mindre per innbyggjar.

KS Digital priskalkulator

Behovsprosjektet og utvikling av tenestene er finansiert med prosjektstøtte gjennom ’Finansieringsordning for digitaliseringsprosjekt i kommunal sektor’ (Digifin). Prosjektstøtta blir betalt tilbake til Digifin gjennom ein eingongskostnad for alle kommunane som tar løysingane i bruk.

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. Inngå databehandlaravtale med med KS om bruk av Fiks-plattforma
  2. Kommunen må ha teke i bruk Min kommune
  3. Underskriv tenestevedlegg for Min kommune - barnevern
  4. For ein del funksjonalitet må kommunen også bruka Fiks dokumentlager
  5. Løysinga bruker også SvarUt og e-dialog (ei teneste under Fiks melding)