Formål

DU Vestland er ein del av styringsstrukturen for Digi Vestland og er mellom anna ein regional del av kommunal sektor samstyringsstrukturen sin for digitalisering i kommunesektoren. Samstyringsstrukturen skal bidra til ein samordna kommunal sektor som leverer heilskaplege digitale tenester til innbyggjarar og næringsliv.
 

DU Vestland fungerer mellom anna som eit saksførebuande utval for styringsgruppa til Digi Vestland. DU Vestland skal også vera pådrivar for det samla digitaliseringsarbeidet i Vestland og bidra til forankring og oppfølging av dette. Styringsgruppa eller Sekretariatet til Digi Vestland vel sjølv når det er formålstenleg å bruka DU Vestland.

 

Oppgåver

DU Vestland er eit saksførebuande organ for styringsgruppa til Digi Vestland Når det er formålstenleg, fungerer DU Vestland som eit saksførebuande organ for styringsgruppa. Det kan innebera å bidra i utarbeidinga av saker eller levera innstilling til saksframlegg.
 

  1. DU Vestland løftar relevante tema av strategisk betydning til styringsgruppa I DU Vestland skal deltakarane informera kvarandre om relevante initiativ, tiltak og erfaringar relaterte til digitalisering i kommunesektoren. DU Vestland kan ta initiativ til å ta opp nye saker innanfor rammene av mandatet i styringsgruppa. DU Vestland skal bidra til å setja relevante tema av strategisk betydning på dagsordenen i styringsgruppa.
     
  2. DU Vestland er ein pådrivar for felles løysingar for kommunane i Vestland DU Vestland tek initiativ til, gir råd om og bidreg til prioritering av felles tiltak og løysingar for kommunane i Vestland, i tett samspel med KS' nasjonale samstyringsstruktur for Digitalisering.
     
  3. DU Vestland gir råd og innspel til Digi Vestland aktivitetane sine DU Vestland vil når det er formålstenleg involverast i oppfølginga av eksisterande aktivitets- og prosjekt-portefølje. DU Vestland kan når ikkje anna er avtalt vera styringsgruppe for prosjekt i porteføljen.
     
  4. DU Vestland skal bidra til forankring av arbeidet i Digi Vestland i alle medlemskommunane DU Vestland skal vera pådrivarar til å finna løysingar for at alle kommunar som er medlem av Digi Vestland blir invitert til og får fortløpande relevant og tilstrekkeleg informasjon om pågåande aktivitetar.
     

Arbeidsform

DU Vestland har normalt møter 2 gonger i månaden av ca 2 timar. Det er forventa at arbeidet blir prioritert. DU Vestland vil leggja opp til skriftleg saksbehandling når det er meir effektivt enn møte. Når saker blir sende ut til skriftleg behandling, skal det givast rimeleg frist for tilbakemelding.

 

Samansetning

DU Vestland består av XX medlemmer. Medlemmer blir utnemnde av styringsgruppa. I tillegg deltek medlemmer frå sekretariatet avhengig av dagsorden og saker.
Samansetninga av utvalet skal vareta behovet for kompetanse som følgjer av oppdraga frå utvalet. Personar som representerer ressursmiljø som er særleg viktige bidragsytarar i det nasjonale og regionale digitaliseringsarbeidet, skal prioriterast. Sekretariatet til Digi Vestland leier og er sekretariat for DU Vestland.