Formål med den lokale oppfølginga i Vestland:

  • Skapa ein sterk regional arena for dialog, erfaringsutveksling og støtte til kommunane i deira implementeringsarbeid.
  • Knytte det lokale arbeidet tett opp mot det nasjonale samarbeidet, slik at innsikt frÃ¥ kommunane i Vestland aktivt bidreg til vidareutvikling av digitale løysingar for barnevernet pÃ¥ landsbasis.
  • Styrke samhandlinga med diginettverka, KS Digital og andre aktørar for Ã¥ sikra ei heilskapleg og koordinert implementering av fellesløysingar.
  • Tilby jamleg oppfølging og møteplassar for kommunane i Vestland, der me tek opp regionale problemstillingar, deler erfaringar og identifiserer felles løysingar.

 

Korleis den lokale oppfølginga heng saman med det nasjonale arbeidet:

Den lokale oppfølginga i Vestland er ikkje eit isolert initiativ, men ein integrert del av den større nasjonale innsatsen. Innsikt og erfaringar frå dei lokale prosessane blir løfta inn i det nasjonale samarbeidet, slik at felles utfordringar kan adresserast og løysingane vidareutviklast i fellesskap.

Gjennom tett samarbeid med KS Digital og andre diginettverk sørgjer me for at læring frå Vestland bidreg til felles løysingar på tvers av regionane. Samtidig får kommunane i Vestland tilgang til dei nasjonale ressursane og arenaene for erfaringsutveksling, slik at me saman kan skapa eit meir heilskapleg og velfungerande digitalt økosystem for barnevernet.

 

Venta verdi av det lokale initiativet:

  • Betre støtte til kommunane i Vestland gjennom ei meir tilpassa lokal oppfølging.
  • Sterkare regional forankring av implementeringsarbeidet, samtidig som erfaringane blir delte nasjonalt.
  • Meir effektiv samhandling mellom nasjonale og lokale aktørar, som sikrar at utfordringar blir adresserte pÃ¥ rett nivÃ¥.
  • Auka kompetanse og erfaringsdeling pÃ¥ tvers av kommunane i Vestland, noko som gir ein meir smidig overgang til nye digitale løysingar.

 

Dette initiativet viser korleis lokalt forankra arbeid kan spela ei aktiv rolle i det nasjonale samarbeidet, og korleis Vestland bÃ¥de bidreg til og dreg nytte av fellesskapen rundt implementeringa av nye digitale løysingar for barnevernet.Â