Språkrådet, via kultur- og likestillingsminister (og vestlending) Lubna Jaffery, tildelte i dag Kvam herad prisen for årets nynorskkommune 2024. Dei mottek prisen for «sitt språklege medvit, for sin aktive bruk av målet og for å invitera verda inn i nynorsken», mellom anna for korleis Kvam sikrar at innvandrarar og flyktningar får eit godt tilbod for opplæring i og på nynorsk.

Ordførar Torgeir Næss uttala at "Nynorsken knyter oss nærare til kvarandre, og nærare til røtene våre. Språket bidreg såleis til integrering på fleire plan, både for innfødde og tilflytta innbyggjarar".

Les meir om tildelinga i denne artikklen på Kvam herad sine nettside.

Vi gratulerer!