KS inviterer til faste webinar om digitaliseringsarbeidet
Webinara skal vera relevante for alle som er interesserte i kva som rører seg på digitaliseringsområdet i og rundt kommunal sektor, og som deler målet om å utvikla eit kvalitativt betre tenestetilbod for innbyggjarane.
Målgruppe er tilsette i kommunar og fylkeskommunar, men også andre aktørar.
Webinara vil visa det viktige og igangverande arbeidet rundt utbreiing av løysingar som skjer i kommunal sektor allereie, ikkje minst gjennom dei regionale digitaliseringsnettverka.
Webinara blir arrangerte på Teams, er gratis og opne for alle.