Folkevalde og toppleiargruppa i kommunane skal givast høve til å auka kunnskapen sin om digital transformasjon og å leia dette arbeidet, ved å prioritera, kommunisera og vedta tiltak som bidreg til å byggja kapabilitetar, fordela ressursar, ta i bruk ny teknologi og organisera verksemda for å auka den digitale modnaden.
Felles kompetanseløft digital transformasjon
Denne hausten samarbeider alle diginettverka i Noreg med anskaffing av ein sjølvstudiepakke for fagleg innhald om digital transformasjon, i tråd med rammeverket til DI2X. Regionalt vil Digivestlandssamarbeidet fasilitera og byggja ut sjølvstudiepakken til eit program av opptil 35 timar, med to fysiske felles samlingar, ei halvdagssamling i eigen kommune og ei avsluttande felles halvdagssamling på teams. Programmet vil auka læringsutbytte som sjølvstudiepakken leverer.
Behov for ressursar i programmet
I bestillinga frå kommunane var det uttrykt at programmet skal sikra at kompetanse blir bygd inn i kommunane gjennom bruk av kommunane sine eigne ressursar ved utvikling og levering av programmet. Budsjettet til programmet tek derfor høgd for frikjøp av ressursane i kommunane som stiller opp. Det er behov for følgjande
- Prosjektleiar i begge fasane for planlegging og gjennomføring
- Prosjektmedarbeidarar planlegging, produksjon og administrasjon
- Kursleiarar og fasilitatorer for kurs gjennomføring
Du kan lesa meir om forslag til styringsmodell for prosjektet i vedlagte pdf, delta på webinar 18. september kl. 08.30 og melda di interesse i skjema her innan 1. oktober. HR-leiaren i kommuna di har også utfyllande informasjon.
Kartlegging av ønske om å delta
Ein digital transformasjon er heilt nødvendig for at kommunane skal kunna lykkast med å handtera framtidige utfordringar knytt til tenesteleveransane sine og derav operasjonalisera nasjonale strategiske forventningar.
For at det skal vera økonomisk forsvarleg å planleggja og gjennomføra et felles kompetanseløft, er det nødvendig å kartleggja interessa for deltaging hos toppleiargruppene i kommunane. Vi håper første kull kan gjennomførast senast hausten 2025 og øvrege kull i 2026. Meld di interesse om deltagelse her innan 10. oktober, utan forplikting.