Kva er nytt?
Digifin
I ny hovudavtale, er det lagt til eit punkt om at ein må betala prosjektavgift Digifin før ei teneste blir teken i bruk som har hatt Digifin-finansiering. I tidlegare avtalerammeverk måtte ein signera eigen avtale per teneste.
Databehandlaravtale
Databehandlaravtalen er no overordna for all behandling av kundedata som selskapet gjennomfører. I tillegg vil individuelle tenestevedlegg per teneste liggja tilgjengeleg på ksdigital.no, men desse må ikkje signerast av deg som kunde. Dette vil gjera det lettare for deg som kunde å halda oversikt over kvar og korleis behandlinga av personopplysningar går føre seg for dei tenestene de har teke i bruk.
Prisar
Det lagt opp til at KS Digital kan justera prisane for ei teneste dersom det viser seg at dette er nødvendig for å dekkja faktiske kostnader. Betaling for bruk av tenestene blir frå kvartalsvis endra til månadleg.
Les meir på KS Digital sine nettsider