Beskrivelse
Kobo er ein digital teneste for bustadsosialt arbeid. Kobo vil letta prosessen med å søkja, tildela og administrera kommunale utleigebustader, og dessutan følgja opp bebuarar og skaffa datagrunnlag. Tenesten gir god oversikt over bustadmassen til kommunen når bustadene er lagde inn. Systemet gjer det òg mogleg å følgja opp bebuarar og skaffa datagrunnlag, alt medan personvernet blir godt varetatt.
Gevinstar for kommunen
- Spart arbeidstid som følgje av meir effektiv saksbehandling
- Redusert vedlikehald som følgje av betre match mellom søkjar og bustad
- Betre formuesforvalting som følgje av betre utnytting og planlegging av bustadmassen
- Sparte IT-kostnader som følgje av felles løysing
- Sparte bøter som følgje av at lovkrav (GDPR) blir halde
Gevinstar for innbyggjar
- Raskare tilgang til bustad som følgje av betre saksbehandling
- Betre buforhold som følgje av betre match mellom søkjar og bustad
- Betre bustadkarriere på lang sikt
- Tryggare og meir brukarvenlege digitale tenester som følgje av informasjonstryggleik, GDPR og betre søknadsprosess
Kor mykje kostar løsysinga?
Det vil ikkje kosta noko å kopla seg på Kobo, men kommunen må ta høgde for kostnader til innføring. Det kan dreia seg om utgifter til:
- framtidige tilpassingar i samband med kopling av FDV-system med integrasjonspunkt i Kobo
- kopling mot arkivsystemet til kommunen
- arbeid knytt til å leggja inn data om bustadene i systemet
- tid brukt i samband med implementeringsaktivitetar (til dømes DPIA, ROS-analyse, gevinstrealiseringsplan, opplæring og så vidare)
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
- Inngå avtale om bruk av Kobo med Husbanken som systemleverandør
- Inngå databehandlaravtale med Husbanken
- Inngå avtale med Skatteetaten om deling av data
- Gjennomfør risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse)
- Gjennomfør personvernkonsekvensvurdering (DPIA)