
Med 196 engasjerte deltakarar vart arrangementet gjennomført med stort engasjement. Vi håpar du sit igjen med inspirasjon til å jobba vidare med klart språk i arbeidskvardagen din, har fått nyttige og praktiske tips du kan ta i bruk, og har knytt kontaktar med andre som brenn for klarspråk.
For dei som ikkje hadde høve til å delta, eller for dei som ønskjer å friska opp minnet, er det publisert oppsummeringar frå føredraga på nettsida til Forum for offentleg service. Her kan du lesa artiklar som dekkjer dei viktigaste temaa og innsiktene frå konferansen.
Vi ser fram til å halda fram arbeidet med klart språk saman med dykk alle!
Eva Hille, på vegner av programkomiteen for Klarspråk 2025