Med bakgrunn i innspel frå kommunar har DigiVestland vurdert løysingar for KI-chat i skolen. Vi har sett på tre ulike modellar for KI-chat, og vurdert desse ut frå nokon bestemde kriterium. Resultatet frå arbeidet er ein rapport med ei oppfordring til kommunane når det gjeld løysing for bruk av KI-chat i skolen og undervisinga. Bli med på informasjonsmøte dersom du ønskjer å høyra meir.
Tidspunkt: 19.november kl. 10-11
Målgruppe: Fagpersonar frå oppvekst, IT-drift og personvern og informasjonstryggleik (men del gjerne vidare med andre aktuelle personar i kommunane).