Beskrivelse

ID-porten er ein fellesløysing som gjer det mogleg for brukarane å logga seg inn på offentlege tenester. Med kjende elektroniske ID-ar som MinID, BankID, Buypass og Commfides kan innbyggjarane bruka påloggingsløysingar dei kjenner frå før til å autentisera seg.

Løysinga gjer innlogging til digitale tenester trygg for innbyggaren. Ved bruk av ID-porten slepp verksemda di å administrere brukarnamn, passord eller brukarstøtte for eigne innloggingsløysingar. I staden kan innbyggaren bruke sin føretrekte eID.

Kor mykje kostar løsysinga?

ID-porten er kostnadsfri for verksemder med eit samla transaksjonsvolum under 200 000 per avrekningsår.

Prisen per autentisering for avrekningsåret 01.10.2022 – 30.09.2023 var 0,37 kr eks. mva og 0,46 kr inkl. mva. Kostnadar ved bruk av eID frå private eID-leverandørar skal vidareførast til kundane i samsvar med det som er fastsett nedanfor.

 

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. Fyll ut og send informasjonsskjema til Digdir
  2. Les og signer Bruksvilkår for Digdirs digitale fellesløysingar
  3. Gjer ei risikovurdering (ROS) og fastsette tryggleiksnivå på kvar einskild teneste som skal knytast til ID-porten
  4. Opprett brukarar i samarbeidsportalen som gjev tilgang til sjølvbeteningsløysinga

Nyttige lenkjer