Havnivåstigning er ei gradvis endring og dermed ei klimautfordring som skil seg frå meir umiddelbare utfordringar. Men konsekvensane av havstiginga vil vera store, og særleg her på kysten. Havnivårapporten frå Norsk klimaservicesenter viser at hendingar med høge vasstandar vil henda oftare og gå lengre inn mot land - framtidas havnivåstigning kan føra til at areal, bygningar og infrastruktur som i dag ligg på land kan bli overflødde. Ei stor stormflodhending kombinert med eit høgt tidvatn, kan overraska oss. Dette kan berøra kystnære industrianlegg, kulturarv, turisme og enkelte øysamfunn. Havnivåforskar i Kartverket, Matthew Simpson har uttalt at viss ikkje tiltak blir i tide sette i verk, så vil flaum frå havet utvikla seg til å bli eit kronisk problem, slik det har gjort på austkysten i USA.

Kartverket har utvikla eit nytt tilrettelagt datasett som gjer at ein kan sjå effektane av auka havnivå og høge vasstandar (stormflod) i alle kommunar i Noreg. Sjå di kommune på kartverket si løysing. I tillegg har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap utvikla ein havnivårettleiar som gir konkrete råd og tilrådingar om korleis tala for havnivåstigning kan brukast i planarbeidet i kommunane. 


Les meir om dette i Kartverket sin artikkel