Grunnfinansiering

Kommunane betaler eit bidrag for å vera med i samarbeidet, og Bergen kommune legg inn ein eigenandel som vertskommune. Til saman utgjer dette grunnfinansieringa i DigiVestland, og skal sørge for drift av faggrupper, nettverk og sekretariat. 

Justering i deltakarbidraget

Ved oppstart av ny avtale har vertskommunen berekna kva bidrag som er nødvendig for å dekke inn kostnadane til drift av sekretariatet og samarbeidet elles. 

Budsjettramma for sekretariatet er redusert frå 10 millionar til 8 millionar kroner, og dette viser igjen i berekninga av kommunane sine bidrag. Modellen for fastsetting av bidraget består, men beløpa er justert. Kvar kommune betaler eit minimumsbeløp og eit beløp per innbyggjar. For at dette ikkje skal bli ein uforholdsmessig høy kostnad for dei store kommunane, fortset regelen om eit maksimumsbeløp for kor mykje ein kommune kan fakturerast. 

Frå 2025 blir minimumsbeløpet redusert frå 100 000 kr per år, til 48 000 kr per år. Innbyggjarbeløpet blir redusert frå 20 kr per innbyggjar, til 18 kr per innbyggjar. 

Deltakarbeløpet for kommunane har blitt regulert etter prisindeks kvart år, men maksimumsbeløpet har stått stille. For å sikre ei meir rettferdig fordeling av kostnadane blir derfor maksimumsbeløpet auka frå 2025. Tidlegare beløp har vore 500 000 kr per kommune, dette blir nå auka til 550 000 kr per kommune.  

Styringsgruppa skal behandle sak om overgangsperioden mellom avtalane i midten av januar, og meir informasjon om mellom anna fakturering i 2025, kjem i etterkant

Ekstern finansiering

Prosjekt i DigiVestland har i heile samarbeidsperioden blitt finansiert av tilskot frå Statsforvaltaren. I det siste har det også følgt midlar frå KS i samband med eit oppdragsbrev for arbeid med e-helse i Vestland. 

DigiVestland vil fortsatt finansiere prosjekt med eksterne tilskot. 

Endring i deltakarbidrag

Det er Kommunedirektørmøtet som vedtek endringar i deltakarbidraget. Dette kan ifølgje avtalen først skje i 2026, med verknad frå 01.01.2027. 

Deltakarbidraget som gjeld fra 2025 er rekna ut med ei føresetnad om at alle kommunane i Vestland deltek i samarbeidet. Vertskommunen vil følgje opp budsjettrammer og finansiering med styringsgruppa, når ein ser kor mange kommunar som har slutta seg til.