Beskrivelse

Fiks skatte- og inntektsopplysningar gir saksbehandlarar enkel tilgang til viktig info frå Skatteetaten. Anten det er via nettsida vår eller integrert i kommunen sitt eige fagsystem, kan opplysningane brukast for å justera foreldrebetaling i SFO/barnehage og berekna eigendelar for praktisk hjelp og langtidsopphald på institusjon. 

Klikk på lenkjene under for å lesa meir om dei ulike tenestene innanfor skatte- og inntekstopplysningar.

Langtidsopphald på institusjon

Praktisk hjelp og opplæring

Redusert foreldrebetaling barnehage og SFO

Gevinstar

Spar tid
Innbyggere treng ikkje lenger senda inn skatteoppgjeret til kommunen. Den digitale løysinga vår behandlar søknader basert på relevante postar frå skatteoppgjeret, samtidig som me sørgjer for å inkludera årsrevisjon frå Skatteetaten.

Forbetra kvalitet
Direkte kopling til Skatteetatens delingsteneste sikrar at opplysningane kjem direkte frå kjelda. Den digitale fellesløysinga vår bidreg til einsarta behandling på tvers av kommunar, føresett at dei tek i bruk våre tenester.

Ver trygg
Opplysningene me presenterer er berre knytt til den aktuelle behandlinga og kjem direkte frå Skatteetaten. Fiks skatte- og inntektsopplysningar har innebygd personvern, der kommunen kan definera spesifikke roller med innsynstilgang basert på det aktuelle tenesteområdet.

Kor mykje kostar løsysinga?

Pris per månad
Fastpris 800 kr
Innbyggerpris 0,105 kr, med rabatt på opptil 50% basert på talet på innbyggjarar
Lenke til prisliste pr kommune

 

Prosjektavgift Digifin/etableringskostnad 
Prosjektavgift Digifin for kommunar er fastpris på 16 000 kr + 0,70 kr per innbyggjar.

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. Kommunen må signera hovudavtale med KS om bruk av Fiks-tenestene og tenestevedlegget for skatte- og inntekstopplysningar
  2. Signer tilslutningserklæring med Skatteetaten

Dersom kommunen har signert tilslutningserklæringa, og ønskjer å få tilgang til ei ny teneste hos Skatteetaten, treng kommunen berre å senda ein påkoblingsforespørsel for den aktuelle tenesta.