Skildring

Fiks politisk behandling er ein av standardane i Fiks protokoll og er eit grensesnitt som blir tilrådd brukt saman med Fiks arkiv.

Med standarden kan saksbehandlar blant anna: 

  • Sende eit saksframlegg/fagnotat med nødvendige vedlegg til politisk behandling
  • Reservera plass på framtidige møte sjølv om saksframlegg ikkje er klart endå
  • Ettersenda vedlegg til ei sak eller ettersenda oppdatert saksframlegg og vedlegg
  • Få melding om at ei sak er ferdig behandla politisk slik at saksbehandlar kan gå vidare med saksbehandlinga

Gevinstar

Effektiv samhandling
Fiks protokoll forenklar og standardiserer kommunikasjonen mellom ulike system i kommunane. Dette mogleggjer ei saumlaus og effektiv samhandling, noko som gir kommunane fridommen til å optimalisera arbeidsprosessane sine ved å kombinera system frå ulike leverandørar.

Fleksibilitet og kontroll
Fiks protokoll gir kommunane den nødvendige fleksibiliteten til å velja og kombinera system frå ulike leverandørar. Samtidig held dei oppe full kontroll over samhandlingsprosessane gjennom Fiks-konfigurasjonen, og dermed oppnår ein skreddarsydd og optimal integrasjon som passar dei unike behova deira.

Sikker datadeling
Gjennom asynkron meldingsutveksling og ende-til-ende kryptering sikrar Fiks protokoll ei trygg plattform for kommunane. Dette gir dei høve til å dela sensitiv informasjon på ein sikker måte, og skaper tillit i utvekslinga av viktige data mellom ulike system.

Kor mykje kostar løsysinga?

Fiks protokoll er finansiert med prosjektstøtte gjennom Digifin. Digifin er ei finansieringsordning for realisering av nasjonale digitaliseringsprosjekt i kommunesektoren. Kommunar og fylkeskommunar som er med i Digifin-ordninga, må betala ei prosjektavgift for å ta i bruk løysingane som blir utvikla med støtte frå ordninga. På den måten blir utviklingskostnadene fordelte på dei som tar løysingane i bruk, og pengar går tilbake til ordninga for gjennomføring av nye digitale fellesprosjekt. 

KS Digital - Prisoversikt Fiks-plattformen

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

For å ta i bruk Fiks protokoll må kommunen ha hovudavtale med KS.