Skildring

Fiks plan er ein av standarane i Fiks protokoll, og er ei modernisering av GI Plan 1.1. Den er laga for at fagsystem i kommunen skal kunna snakka med eit planregister.

Fiks plan støttar meldingar for oppdatering og spørjing av det kommunale planregisteret. Den støttar meldingar frå både interne og eksterne fagsystem som ønskjer innsyn i planregisteret.

Standarden er sentral for å støtta opp under krava i den nasjonale produktspesifikasjonen for plan- og byggjesak. Fiks plan er under testing og pilotering.

Gevinstar

Effektiv samhandling
Fiks protokoll forenklar og standardiserer kommunikasjonen mellom ulike system i kommunane. Dette mogleggjer ei saumlaus og effektiv samhandling, noko som gir kommunane fridommen til å optimalisera arbeidsprosessane sine ved å kombinera system frå ulike leverandørar.

Fleksibilitet og kontroll
Fiks protokoll gir kommunane den nødvendige fleksibiliteten til å velja og kombinera system frå ulike leverandørar. Samtidig held dei oppe full kontroll over samhandlingsprosessane gjennom Fiks-konfigurasjonen, og dermed oppnår ein skreddarsydd og optimal integrasjon som passar dei unike behova deira.

Sikker datadeling
Gjennom asynkron meldingsutveksling og ende-til-ende kryptering sikrar Fiks protokoll ei trygg plattform for kommunane. Dette gir dei høve til å dela sensitiv informasjon på ein sikker måte, og skaper tillit i utvekslinga av viktige data mellom ulike system.

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

For å ta i bruk Fiks protokoll må kommunen ha hovudavtale med KS.

Kor mykje kostar løsysinga?

Fiks protokoll er finansiert med prosjektstøtte gjennom Digifin. Digifin er ei finansieringsordning for realisering av nasjonale digitaliseringsprosjekt i kommunesektoren. Kommunar og fylkeskommunar som er med i Digifin-ordninga, må betala ei prosjektavgift for å ta i bruk løysingane som blir utvikla med støtte frå ordninga. På den måten blir utviklingskostnadene fordelte på dei som tar løysingane i bruk, og pengar går tilbake til ordninga for gjennomføring av nye digitale fellesprosjekt. 

KS Digital - Prisoversikt Fiks-plattformen

Nyttige lenkjer