Skildring

Fiks køyretøyregister er eit programmeringsgrensesnitt (API) som gir fagsystemet for kommunen tilgang til Statens vegvesens køyretøyregister (tidlegare motorvognregisteret). 

Gevinstar

Forbetre kvalitet
Tenesta hentar oppdatert informasjonen direkte frå Statens vegvesens køyretøyregister.

Spar tid
For eksisterande kundar på Fiks plattforma, vil tilkoplinga til køyretøyregisteret via grensesnittet vårt vera ei enkel tilpassing.  

Ver trygg
Oppslag i Fiks køyretøyregister blir gjort i eit fagsystem via ein integrasjon på Fiks plattforma. Plattforma stiller krav til standard autentisering frå Maskinporten.

Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?

  1. For å ta i bruk løysinga må kommunen signera hovudavtale med KS om bruk av Fiks-tenestene 
  2. Kommunen må også singere tenestevedlegg for køyretøyregister
  3. Avtale med leverandør av fagsystem som har støtte for Fiks køyretøyregister

Kor mykje kostar løsysinga?