Skildring
Fiks folkeregister gir kommunar og fylkeskommunar tilgang til folkeregisteret. Innhaldet er brukarstyrt, slik at saksbehandlarane i kommunen berre får tilgang til den informasjonen dei har behov for. Dei fleste av kommunane i landet har i dag avtale med KS om å bruka tenesta.
Gevinstar
Spar tid
Løysinga er tilgjengeleg både som ei nettsideløysing med oppslagsfunksjonalitet i tillegg til maskin-til-maskin integrasjon. Løysinga er i tillegg kopla til kontaktregisteret, der ein får opplysningar om kontaktinformasjon på oppslaget. Dette gjer at saksbehandlar på ein effektiv måte kan få opp folkeregister- og kontaktinformasjon i oppgåvene sine.
Informasjonen i løysinga vår kjem direkte frå kjelda. Me endrar ikkje på nokon av opplysningane, men samanliknar data baserte på tjenstlege behov.
Ver trygg
Bruk av folkeregisteret krev heimel i lov. I tillegg blir det oppretta roller som skal styra tilgang for innsyn basert på tenesteområde det blir behandla innanfor. Kommunen sjølv har eit aktivt forhold til kva opplysningar dei ulike tenesteområda har behov for.
Kva må vere på plass før ein kan ta i bruk løysinga?
- Godkjenn Skatteetatens bruksvillkår
- Tildel KS rettar i Altinn
- Signar tenestevedlegg for fiks folkeregister